Children of the Revolution Singel av T. Rex | ||
B-side |
«Jitterbug Love»/«Sunken Rags» | |
---|---|---|
Utgjeve | 1972 | |
Sjanger | Glamrock | |
Lengd | 2:29 | |
Selskap | EMI/Reprise | |
Tekstforfattar | Marc Bolan | |
Låtskrivar(ar) | Marc Bolan | |
T. Rex-kronologi | ||
«Metal Guru» (1972) |
Children of the Revolution | «Solid Gold Easy Action» (1972)
|
«Children of the Revolution» er ein song av T. Rex, skriven av Marc Bolan. Han nådde andreplassen i Storbritannia i september 1972. Songen var den første etter fire singlar på rad som ikkje nådde førsteplassen i heimlandet. («Hot Love», «Get It On», «Telegram Sam», «Metal Guru»).
Songen omhandlar eit tenåringsopprør og då han kom ut kritiserte mange kritikarar songen. Songen var langt langsamare enn bandet hadde spela tidelgare og somme meinte at songen var propagandasong for kommunisme, berre basert på tittelen. Songen var med i filmen Born to Boogie, i ein kjend jam i Apple Studios med Elton John. Under jammen puttar Marc Bolan hovudet sitt inn under klaveret som John spelar på. Songen vart òg nytta i filmane Billy Elliot, Breakfast on Pluto, Children of the Revolution og Dogtown and Z-Boys. Songen vert òg spela i den norske filmen Den siste revejakta.
Andre som har spelt inn songen er Violent Femmes, The Dead C, Lloyd Cole, The Killers (Paul Di'Anno sitt band), Gavin Friday og Bono frå U2 på Moulin Rouge!-filmmusikken, Elton John og Pete Doherty på Live 8, Berry Sakharof, Patti Smith, Toni Collette & the Finish, Imperiet, Sort Sol, Baby Ford, Nena, Soulwax, Neon Indian og Flogging Molly
T. Rex version[endre | endre wikiteksten]
|
Baby Ford-versjonen[endre | endre wikiteksten]
|