Chris Stewart | |||
Fødd | 27. mars 1951 (73 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Crawley | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | rock | ||
Instrument | trommesett | ||
Verka som | skribent, sjølvbiograf, trommeslagar, bonde |
Christopher «Chris» Stewart (fødd 1950) er ein engelsk musikar, forfattar og gardbrukar. Han var den første trommeslagaren i Genesis.
Stewart gjekk på skulen med Tony Banks og Peter Gabriel og dei tre spelte i lag i skulebandet The Garden Wall, og danna seinare eit band i lag med skulevenene Mike Rutherford og Anthony Phillips, kalla Anon. Dette bandet utvikla seg til Genesis i januar 1967. Stewart er med på dei to første singlane til bandet, «The Silent Sun»/«That's Me» og «A Winter's Tale»/«One-Eyed Hound». Sjølv om det finst fleire demoar frå tida Stewart var med i Genesis på Genesis Archive 1967-75, er han ikkje tilskriven som trommis på nokre av desse. Peter Gabriel ser ut til å ha spelt trommer på nokre og resten er utan trommis.
Jonathan King, som produserte den første plata til bandet, bad Stewart om å slutte i bandet sommaren 1968 fordi han ikkje var god nok. Han vart erstatta av John Silver. Stewart slo seg ned og kjøpte ein gard i Alpujarras i Andalucia i Spania der han framleis bur og jobbar. I 2007 vart han kommunepolitikar her.[1]
Han har skrive sjølvbiografiane Driving Over Lemons: An Optimist in Andalucia (1999) og oppfølgjarane A Parrot In The Pepper Tree og The Almond Blossom Appreciation Society (2006) om gardsarbeidet sitt i Spania.
Han har skrive sjølvbiografiane Driving Over Lemons: An Optimist in Andalucia (1999) og oppfølgjarane A Parrot In The Pepper Tree (2002) og The Almond Blossom Appreciation Society (2006) om gardsarbeidet og livet sitt i Spania. Three Ways to Capsize a Boat: An Optimist Afloat tek for seg båtliv.[2][3]
Last Days of the Bus Club (2014) handlar om at dottera dreg vekk for å gå på universitet, og livet til han og kona på garden etterpå.[4]