Christian Møller (22. desember 1904–14. januar 1980) var ein dansk fysikar og kjemikar.
Han var professor ved Universitetet i København frå 1943, og gjesteprofessor ved fleire amerikanske universitet frå 1948 til 1964. Han var leiar for Theoretic Group i CERN, som var lagt til København 1954–1957, og for NORDITA 1957–1971. Han har skrive fleire avhandlingar om kvanteteori og relativitetsteori. Den respekterte læreboka hans i relativitetsteori, The Theory of Relativity, kom i 1952.