Christian Schwarzer | |
Statsborgarskap | Tyskland |
Fødd | 23. oktober 1969 (55 år) Braunschweig |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996 |
Utmerkingar | Silbernes Lorbeerblatt, Årets håndballspiller i Tyskland |
Christian Schwarzer (fødd 23. oktober 1969) er ein tysk tidlegare handballspelar frå Braunschweig. Linjespelaren vart europameister 2004 og verdsmeister 2007 med Tysklands landslag. I 2000 vann han meisterligaen med spanske FC Barcelona.
Schwarzer var aktiv 1987-91 i Fredenbeck, spelte deretter på TV Niederwürzbach til 1999. 1999-2001 gjorde han teneste i FC Barcelona, der han var med på å vinne meisterligaen i sin fyrste sesong med det spanske storlaget. Frå 2001 til -07 var han Lemgo-spelar i bundesligaen. Til sist spelte han for Rhein-Neckar Löwen, eit lag som i 2008 nådde finalen i EHF-cupvinnarcupen. Han la opp i 2009.
Schwarzer spelte sin fyrste landskamp i november 1989 og den siste under Sommar-OL 2008. Etter tap i EM-finalen 2002, VM-finalen 2003 og OL-finalen 2004, bidrog han mykje til at Tyskland gjekk heilt til topps i Handball-EM 2004 og det store høgdepunktet, VM-finalen 4. februar 2007 på heimebane i Köln. Schwarzer deltok i seks verdsmeisterskap, fem europameisterskap og fire olympiske sommarleikar. På totalt 319 landskampar skåra han 966 mål, fleire enn nokon annan tysk handballspelar.