Christian Wollnick | |||
Fødd | 8. oktober 1867 | ||
---|---|---|---|
Død | 27. mars 1936 (68 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar, jurist, redaktør | ||
Alle verv |
|
Christian Hansen Wollnick (8. oktober 1867–27. mars 1936) var ein norsk offiser, journalist og jurist. Han var mykje engasjert i sosialpolitiske spørsmål og hadde klåre meiningar, mellom anna om kooperasjon og alkoholpolitikk. Med sitt stridbare sinn kom ham i situasjonar som kan karakteriserast som vanvittige. Han var stortingsmann 1919-21 for Arbeidarpartiet frå einmannskrinsen Baneheien i Kristiansand.
Etter gymnas var Wollnick 1885/86 lærar i Larvik. Deretter studerte han teologi, filosofi og jus ved universitetet i hovudstaden. Jamsides gjekk han frå 1888 infanterilinja ved Krigsskulen og vart vernepliktig offiser. Han vart premierløytnant i 1894 og kaptein i 1903. Etter juridisk embetseksamen i 1896 praktiserte han kunnskapen i Ringerike, Trondheim og Kristiansund.
Allereie i studietida byrja Wollnick eit liv som bladmann, då han frå 1891 til -92 var redaktør i Ørebladet. I Kristiansund var han redaktør av Møre Tidende. Gjennom sitt arbeid som bladmann la han seg ut mot mange av maktpersonane i nordmørsbyen. År 1900 vart han såleis dømt til 80 dagars fengsel for å ha sverta sorenskrivaren. Han mista redaktørjobben og vart oppsagt frå stillinga som advokatfullmektig. I staden opna han eigen advokatpraksis og kjøpte avisa.
I 1905 var Wollnick utkommandert som konstituert sjef for Fjordene bataljon, før han kom tilbake til Austlandet og var fem år i Oslo og Horten. I 1909 flytta han til Kristiansand, der han dei neste to åra var redaktør i avisa Sørlandets Social-Demokrat. I Kristiansand var han medlem i bystyre og formannskap. Han var elles formann i skulestyret ei tid. Tingbolken 1919-21 var han stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. I 1921 fekk han stillinga som politimeister i byen, før han så frå 1929 til han døde i 1936 var byskrivar.