Christmas Time (Don't Let the Bells End) Singel av The Darkness frå albumet Permission to Land (Christmas edition) | ||
B-side |
I Love You 5 Times | |
---|---|---|
Utgjeve | 15. desember 2003 | |
Sjanger | ||
Lengd | 3:39 | |
Selskap | Must... Destroy!! og Atlantic | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Bob Ezrin | |
The Darkness-kronologi | ||
«I Believe in a Thing Called Love» (2003) |
Christmas Time (Don't Let the Bells End) | «Love Is Only a Feeling» (2004)
|
«Christmas Time (Don't Let the Bells End)» er ein song gjeven ut av det britiske hardrockbandet The Darkness. Singelen kom ut 15. desember 2003 for å konkurrere om toppen av den britiske singellista over julehelga. Han nådde til slutt andreplassen på lista. Songen kom seinare ut på «Christmas edition» av debutalbumet deira, Permission to Land, som kom ut i somme område av Europa 22. desember 2003.
Songen har ein uvanleg struktur for ein julesong. Songen nemner dei vanlege tinga som julehøgdtida, julenissen og bjøller, levert i falsetten som er varemerket til Justin Hawkins. Eit skulekor syng korvokal på songen, og deltok òg i musikkvideoen. Dei kom frå Haberdashers' Aske's Hatcham College i New Cross i London, der mora til Justin og Dan gjekk ein gong.
Songen klarte ikkje å nå toppen av den britiske singellista i juleveka[1] og hamna bak dei relativt ukjende Gary Jules og Michael Andrews med ein coverversjon av Tears for Fears-songen «Mad World».
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Storbritannia (BPI)[20] | Platina | 600 000^ |
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine |