Cir.Cuz | |||
Opphav | Noreg | ||
---|---|---|---|
Aktiv | 2011– | ||
Sjanger | Rap og pop | ||
Plateselskap | Cosmos Music Group | ||
Medlemmer | Mats Melbye Thomas Pedersen |
Cir.Cuz er ein rap- og popduo sett saman av Mats Melbye frå Sarpsborg og Thomas Pedersen frå Skien. Duoen vart starta 8. januar 2011 og kort tid etter var dei kjend med mellom anna sumarhiten «Radio». I november same år gav dei ut debutalbumet Alt i sin tid.
Cir.Cuz deltok med songen «Hele verden» i den andre semifinalen i Melodi Grand Prix 2014, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2014 i København i Danmark. Songen er skriven av Joakim Harestad Haukaas og Andre Lindal.