Cities in Dust Singel av Siouxsie and the Banshees frå albumet Tinderbox | ||
B-side |
An Execution / Quarterdrawing of the Dog | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. oktober 1985 | |
Innspelt | 1985 | |
Sjanger | ||
Lengd | 4:06 | |
Selskap | Polydor Geffen (USA) | |
Komponist | Siouxsie Sioux, Budgie, Steven Severin | |
Tekstforfattar | Siouxsie Sioux, Budgie, Steven Severin | |
Låtskrivar(ar) | ||
Produsent | Siouxsie and the Banshees | |
Siouxsie and the Banshees-kronologi | ||
«Overground» (1984) |
Cities in Dust | «Candyman» (1985)
|
«Cities in Dust» er ein song av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees frå det sjuande studioalbumet deira, Tinderbox (1986). Han kom ut 18. oktober 1985 som den første singelen frå albumet.
«Cities in Dust» er ein dance-rock- og dance-pop-song.[1] Songen skildrar byen Pompeii, som vart øydelagd av eit vulkanutbrot i 79 evt. Bileta skildra vulkanen og magmakammeret, tilhøva til offera for utbrotet og den påfølgjande oppdaginga og utgravinga av byen. .
«Cities in Dust» nådde 21. plassen på UK Singles Chart.[2] Sjølv om det ikkje var den første singelen til Siouxsie and the Banshees som gjekk inn på den amerikanske Hot Dance/Disco-lista, var det den første suksessen deira der med ein 17. plass.
Ein kan sjå Siouxsie and the Banshees framføre songen i filmen Out of Bounds i 1986 og songen er med på filmmusikkalbumet. Songen vart òg nytta i filmen Grosse Pointe Blank i 1997,[3] Atomic Blonde i 2017 og det påfølgjande filmmusikkalbumet,[4] og i 2018 vart han nytta i den andre sesongen av Netflix-serien 13 Reasons Why.[5] Songen er nytta i andre sesongen av situasjonskomedien The Marvellous Mrs Maisel.
Pato Fu spelte inn ein versjon på albumet deira Daqui Pro Futuro (2007). «Cities in Dust» vart spelt på konsert av the Start i 2007 og 2008.[6] Anna Nalick har òg framført songen live.[7] Ein versjon av electronica-artisten Junkie XL kom ut på singel i 2008 og sidan på albumet Booming Back at You, i videospelet Burnout Paradise og samlealbumet OMFGG – Original Music Featured on Gossip Girl No. 1. Ein versjon av Everlove vart nytta i trailerar for videospelet Transformers: Fall of Cybertron i 2012. Denne vart òg nytta i ein trailer for fjerde sesongen av HBO-serienGame of Thrones.[8]
Liste (1985) | Plassering |
---|---|
Irland (IRMA)[9] | 22 |
Nederland (Mega Single Top 100)[10] | 37 |
UK Singles (Official Charts Company)[11] | 21 |
US Hot Dance Club Songs (Billboard)[12] | 17 |