Clas Brede Bråthen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. november 1968 (56 år) Drammen kommune |
Idrett | skihopping |
Clas Brede Bråthen (fødd 28. november 1968) er ein norsk tidlegare skihoppar og seinare idrettsleiar. Han vart norsk meister 1994 i normalbakken og var medlem i Mjøndalen IF.
Bråthen hoppa for det norske laget som vann sølvmedalje i laghopping under Ski-VM 1989 i Lahti. Magne Johansen, Ole Gunnar Fidjestøl og Jon Inge Kjørum var dei andre på laget. Individuelt kom Bråthen på tredelt 11. plass i storbakkerennet og vart nummer 15 i normalbakkerennet. Tidlegare i same sesongen vart han nummer tre i eit verdscuprenn i storbakken i Sapporo, bak Matti Nykänen og Dieter Thoma. Det var einaste gongen Bråthen hevda seg i det øvste toppsjiktet i verdscupen.
Bråthen deltok i den tysk-austerrikske hoppveka 1987/88 og 1988/89, med ein 19. plass som best. Under noregsmeisterskapen i normal bakke 1994 i Vegårshei overraska Bråthen med å vinne gullet. På andreplassen kom Lasse Ottesen, som nokre veker seinare vann OL-sølv på Lillehammer.
Bråthen var i 1996 med på Buskerud sitt lag som vann NM i laghopping.
Bråthen har vore medlem av hoppkomiteen i Norges Skiforbund sidan våren 2001, og no (2011) i fleire år leiar av komiteen.