Cock-a-leekie er ei skotsk suppe som består av purre og pepra kyllingbuljong, ofte tjukna med ris, eller til tider bygg. Opphavlege oppskrifter hadde med svisker under tillaging, og tradisjonalistar serverer gjerne suppa garnert med strimla svisker.
Cock-a-leekie blir kalla «Skottlands nasjonalsuppe». Ho oppstod truleg som ei kylling- og lauksuppe i Frankrike.[1] På slutten av 1500-talet hadde retten kome til Skottland,[2] der lauken blei erstatta med purre.[3] Den fyrste oppskrifta blei trykka i 1598,[4] men namnet «cock-a-leekie» blei ikkje brukt før på 1800-talet.[5]
Suppa er tradisjonelt blitt laga med broilerar og hadde ikkje tjukkingsstoff eller andre grønsaker enn purre. Krafta varierte frå å vera klar til å vera grøn av purre, med lite kjøtt. Den opphavlege cock a leekie-suppa er delikat og forfriskande. Moderne versjonar har gjerne meir kylling, grønsaker og tjukkingsmiddel, og ligg nærare kyllingsuppe eller stuing.
Cock a leekie-suppe er ein tradisjonell rett ved ein Burns' Supper.
Det finst vegetariske versjonar av retten som inneheld purre og i tillegg kan inkludera blanda grønnsaker, kjøterstatning med kyllingsmak og/eller svisker.[6]
Den fyrste kjende omtalen av denne suppa er frå Orchtertyre House Book (1737), ei rekneskapsbok som registrerte ein middag med «cockie leekie fowls in it». Den eldste oppskrifta er frå viktorianske kokebokskribenten Isabella Beeton, der suppa blir fortjukka med «den fine delen av havregryn».[7] Christian Isobel Johnstone (Meg Dods) skreiv at suppa «must be very thick of leeks and the first part of them must be boiled down into the soup until it becomes a lubricious compound». «Cockie Leekie» var på menyen for 1. klasses passasjerar på RMS «Titanic» den 14. april 1912.[8]