Collins English Dictionary

Collins English Dictionary Complete and Unabridged 13th edition

Collins English Dictionary er ei engelsk ordbok som kjem ut på trykk og på nett. Ho blir gjeven ut av HarperCollins i Glasgow.[1]

Den 12. utgåva av ordboka kom ut i november 2018.[2] Den føre utgåva, den 12. kom ut i oktober 2014. Det blei gjeven ut ei spesiell «30th Anniversary» 10. utgåve i 2010. Tidlegare utgåver kom ut kvart 3–4 år.

Collins English Dictionary blei fyrst gjeven ut på internett 31. desember 2011 på CollinsDictionary.com, i lag med ordbøker på fransk, tysk, spansk og italiensk.[3] Nettstaden inneheld også setningar med døme på ordbruk frå Collins Bank of English Corpus, ordfrekvens og trendar frå Google-prosjektet Ngrams, og bilde knytte til ord frå Flickr.

  1. «History». www.harpercollins.co.uk. Glasgow: HarperCollins. 2015. Arkivert frå originalen 11. juni 2019. Henta 11. juni 2019. 
  2. «Collins English Dictionary [13th edition]». collins.co.uk. HarperCollins. Henta 16. november 2018. 
  3. Collins launches free dictionary siteWired UK, 3 January 2012. Arkivert 4. mars 2016 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
  • CollinsDictionary.comCollins English Dictionary, American English Dictionary, Thesaurus (in American English, French, German, Italian, and Spanish).