Connie er eit kvinnenamn danna som ei engelsk kortform av Constance (norsk Konstanse) og andre namn som byrjar med Con-. I nokre høve kan det også vera eit kortnamn for menn.
Namnet var særleg gjeve som jentenamn i USA på midten av 1900-talet. Det var mykje brukt i 40-, 50- og 60-åra, med ein topp rundt 1955, då rundt 0,5 % av nyfødde jenter fekk namnet.
I Noreg var det 844 kvinner som heitte Connie i 2009.