Coop Norge

Coop Norge

Org.formSamvirkeforetak
Org.nr.936560288[1]
BransjeDaglegvarehandel
Skipa2007
DotterselskapEXTRA (Coop), Coop prix, Coop mega, Coop marked, Obs, Coop byggmix, Coop Norge Eiendom AS, Norsk Butikkdrift AS
HovudkontorOslo
LandNoreg
Nettstadhttps://coop.no (norsk)

Coop Norge SA (tidlegare kjent som Coop NKL og før dette Norges Kooperative Landsforening) er eit norsk selskap som blir eigd gjennom medlemskap av 87 norske samvirkelag.[2][3] Fellesorganisasjonen Coop Norge SA er til for å ivareta sentrale oppgåver på vegner av samvirkelaga. Oppgåver som innkjøp, logistikk, kjededrift og marknadsføring på vegner av dei seks daglegvarekjedene og dei to faghandelskjedene ligger hjå fellesorganisasjonen.

«Coop» er fellesnemninga for forbrukarsamvirket i Noreg, Sverige og Danmark når det gjeld omsetjing av daglegvarer og anna, med selskapet Coop NKL BA som det overordna organet for Noreg, og Coop Norge SA som selskapet som står for drifta av verksemda og dei einskilde lokale og regionale samvirkelaga. Coop i Noreg vart frå 2002 dotterselskap av Coop Norden etter at daglegvareverksemdene i dei tre nordiske landa slo seg saman til selskapet Coop Norden AB med hovudkontor i Stockholm. Coop Norden AB var den største daglegvareverksemda i Norden. Men då dei økonomiske resultata ikkje vart som venta, vart dette samarbeidet oppløyst etter seks år.

Coop i Noreg

[endre | endre wikiteksten]

Coop Norge SA er fellesorganisasjon for dei regionale samvirkelaga i Noreg, og selskapet er eigd av samvirkelaga. Til selskapet ligg slike fellesoppgåver for samvirkelaga som drifta av butikkjedane, innklusive innkjøp og forsyning av varer. Dette syter Coop Norge SA for ved hjelp av dotterselskapa Coop Norge Handel AS og Coop Norge Eiendom AS. Fleire enn 1100 butikkar i daglegvarekjedene Coop Marked, Coop Prix, Coop Mega, Matkroken, Extra og Coop Obs! Hypermarked får sine varer gjennom Coop Norge Handel AS. Det same gjeld Coop Obs! Bygg, Coop Byggmix og Coop Extra Bygg. Ein stor part av daglegvarene i Coop-forretningane er produsert av Coops eige selskap, Coop Norge Industri AS, som femner om verksemdene Coop Norge Kaffe AS, AS Røra Fabrikker og bakeriselskapet Gomanbakeren Holding AS. Margarinfabrikken Norge i Oslo, som òg var eigd av Coop i si tid, vart seld til Mills i 2003.

Coop Norge Eiendom AS er eit heileigd dotterselskap, skipa i 2001, som står for kjøp og sal, forvalting og utvikling av eigedomar av interesse for Coop. Føremålet med dette selskapet er å skaffe Coop gode lokale for handelsverksemda ved hjelp av ulike heileigde og deleigde selskap. Det største deleigde selskapet er AmCo Eiendom AS, som Coop Norge Eiendom AS og selskapet Amfi Eiendom AS eig saman med ein halvpart kvar. Dessutan har Coop Norge Eiendom mange deleigde selskap saman med lokale eigarar, særleg dei regionale samvirkelaga innanfor Coop-systemet.

Samvirkelaga

[endre | endre wikiteksten]

Alle som ynskjer det, kan verte medlem i Coop Norge og medeigar i eit samvirkelag ved å kjøpe seg ein part for ein liten eingongssum i samvirkelaget i det distriktet ein høyrer heime i. Med dette får ein eit årleg utbytte i høve til kor stor sum ein har kjøpt varer for i Coop Norge-butikkane, men ofte er utbyttet berre ein til to prosent av denne summen. Det er òg nokre andre føremoner knytt til medlemskapen, mellom anna rabatt på drivstoff til bil hjå utvalde bensinstasjonskjeder, lågare, faste prisar på overnatting på hotell i Noreg og somme andre land, og anna.

Det er fylgjande samvirkelag i Noreg, som til saman er eigarar av Coop Norge SA:

  • Coop Helgeland SA
  • Coop Hordaland SA
  • Coop Innlandet SA
  • Coop Midt Norge SA
  • Coop Klepp
  • Coop Nord SA
  • Coop Ottadalen
  • Coop Steinkjer SA
  • Coop Sørvest SA
  • Coop Vest SA
  • Coop Vestfold og Telemark SA
  • Coop Vestviken SA
  • Coop Øst SA

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]