Copaifera langsdorffii | |
Copaifera langsdorffii | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Erteblomordenen Fabales |
Familie: | Erteblomfamilien Fabaceae |
Underfamilie: | Detarioideae |
Stamme: | Detarieae |
Slekt: | Copaifera |
Art: | C. langsdorffii |
Vitskapleg namn | |
Copaifera langsdorffii |
Copaifera langsdorffii, også kjent som dieseltre eller parafintre, er eit tropisk regnskogtre og ein av rundt 30 artar i familien Copaifera. Treet har mange lokale namn, for eksempel copaúva og copaiba i Brasil og kupa'y og cabismo i Venezuela. Treet produserer ein stor mengde terpenar i ved og lauv, faktisk dannar det opptil mellom 30 og 40 liter av desse hydrokarbona kvart år. Olja samlast ved at trea tappast, noko ein kan begynne med når treet er 15 år. Sidan trea lever i rundt 100 år, blir det ein god del olje. Hovudingrediensen i ho er copaiba-olje, som lenge har blitt brukt i produksjonen av blant anna parfyme og måling.
Copaifera langsdorfii veks berre i fuktige tropiske strøk. Vanlegvis blir treet rundt 12 meter høgt, med kvite blomstrar og små, oljete frukter. Veden er lett, fordi han er så porøs, og han er altså full av olje. Når ein tappar treet skjer ein hakk i stammen og lèt oljen samle seg i holrommet, slik at ein kan samle han opp. På engelsk kan veden også kallast for «Ironwood» (jerntre) fordi han er veldig hard.
Ikkje berre målings- og parfymeindustrien bruker treet som råvarekjelde; i medisinsk augneméd har det ei lang historie, og bier bruker blomstrane til honningproduksjon.
Nyleg har det blitt ny interesse for treolja, fordi ho kan brukast som biodiesel utan eingong å måtte gå gjennom raffinering. Samanlikna med anna biodrivstoff kjem treolja godt ut; mens mais gir rundt 425 liter etanol per mål dyrka mark, gir dieseltreet rundt 1000 liter på same areal. Dessutan treng ikkje treet å fellast for å produsere diesel. Det kan stå der og binde opp karbondioksid i 100 år. Den klare ulempa med treet er at det berre kan dyrkast i tropiske område.
I North Queensland-regionen i Australia har bønder begynt å plante tre. Planen er å få planta rundt 20 000 tre, noko som årleg vil gi rundt 800 000 liter dieselolje.