Cornelius Middelthon | |||
| |||
Fødd | 12. april 1869 Stavanger kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 6. april 1934 (64 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Cornelius Middelthon (12. april 1869–6. april 1934) var ein norsk kjøpmann og Høgre-politikar frå Stavanger. Han var stortingsrepresentant 1919-24 og arbeidsminister i tre regjeringar i 1920-åra.
Middelthon var son til ein kjøpmann i Stavanger. Han var frå 1886 tilsett i familieverksemda i Stavanger, og tok over eigarskapen i 1890. Forretninga omfatta dampskipsekspedisjon, utreiing av skip samt handel med korn og sild. Middelthon utvida aktiviteten til også å omfatte kolhandel og sal av maskinar til hermetikkindustrien.
Middelthon var formann i Stavanger (Rogaland) Skogselskap 1911–34, formann i Stavanger Handelsforening 1903–09 og styremedlem i Den Norske Handelsstands Fællesforening 1906–09. Han var elles formann i Stavangers Kunstforening i 10 år og hadde styreverv i ei fleire industritiltak.
Frå 1916 til -22 var Middelthon medlem i sentralstyret i Høgre. Perioden 1919-21 representerte han partiet og einmannskrinsen Holmen i Stavanger på Stortinget, i den neste treårsperioden var han vald frå kjøpstadene i Vest-Agder og Rogaland. På Stortinget var han med i Vegkomitéen, formann i komiteen 1922–23.
Middelthon var 1920-21 arbeidsminister i Otto B. Halvorsen si første regjering, i 1923 i Otto B. Halvorsen si andre regjering i 1923 og i 1923-24 i Berge-regjeringa 1923–24. Abraham Berge og alle statsrådane i regjeringa han leidde, vart i 1926 stilt for riksrett. Alle vart frifunne i 1927.