Covurlui er ei slette i Galaţi fylke i Romania. Ho har ei høgd som varierer mellom 60 og 200 meter over havet. Namnet kjem frå elva Covurluielva og har kumansk opphav. Før den andre verdskrigen var Covurlui namnet på eit fylke, men det vart slått saman med Tecuci fylke for å danne det noverande Galaţi fylke.