Craig Huxley | |||
![]() | |||
Fødd | 22. november 1954 (70 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hollywood | ||
Fødenamn | Craig Hundley | ||
Alias | Craig Huxley | ||
Opphav | USA | ||
Instrument | piano, dirigent, modular synthesizer, Mikrotonalitet, Blaster Beam | ||
Verka som | komponist, skodespelar, fjernsynsskodespelar, filmprodusent, DJ producer |
Craig Huxley, òg kjend som Craig Hundley (fødd 22. november 1954)[1]) er ein USA-amerikansk skodespelar, oppfinnar og musikar. Han leia tre album gjevne ut av Pacific Jazz Records seint i 1960-åra.
I 1967 spelte han nevøen til kaptein Kirk i Star Trek-episoden «Operation Annihilate!».[1][2] Året etter spelte han ei anna rolle i episoden «And the Children Shall Lead».[2][3] Som barn spelte han òg på TV i Kung Fu, The Flying Nun og Bewitched.[1]
Det første albumet hans, Arrival of a Young Giant, var eit trioalbum med Hundley (piano), Jay Jay Wiggins (bass) og Gary Chase (trommer) som vart gitt ut i 1968.[4] Craig Hundley Plays with the Big Boys, frå året etter, hadde eit storband i tillegg til trioen.[5] Utgivinga frå 1969, Rhapsody in Blue, hadde òg eit storband, og inkluderte Ed Thigpen på trommer.[6]
Huxley fann opp eit musikkinstrument – ei vidareutvikling av blaster beam i aluminium – på 1970-talet.[7] Designet hans vart patentert i 1984.[8] Instrumentet vart brukt i lydsporet til Star Trek: The Motion Picture,[7] og Huxley spelte instrumentet på musikken til 10 Cloverfield Lane.[9]