Cramond Island | |||
øy | |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Cramond Island 55°59′36″N 3°17′23″W / 55.993437°N 3.289637°W | |||
Wikimedia Commons: Cramond Island |
Cramond Island (skotsk-gælisk Eilean Chathair Amain) er ei av fleire øyar i Firth of Forth aust i Skottland, nær Edinburgh. Øya ligg utanfor Cramond og er 500 meter lang og 7,7 hektar stor.[1][2]. Cramond Island er i røynda ei tidvassøy og er landfast ved lågvatn. Det går ein brulagt sti over til øya, som går an å nytte ved fjøre. Ved høgvatn er det derimot ikkje mogeleg å nytte stien.
Gjennom det meste av historia vart Cramond Island nytta til jordbruk, særleg sauehald.[2] Øya var ein gong kjend for østers, men desse vart utrydda i området etter overfiske. Då den andre verdskrigen braut ut, vart det bygd festningsverk på øya. Fleire av desse bygningane står framleis.