Cry Studioalbum av Simple Minds | ||
Utgjeve | 1. april 2002 | |
Innspelt | 2001; Sicilia og Glasgow i Skottland1 | |
Sjanger | poprock | |
Lengd | 47:36 | |
Selskap | Eagle Records | |
Produsent | Jim Kerr, Charlie Burchill, Planet Funk, Gordy Goudie | |
Simple Minds-kronologi | ||
---|---|---|
Neon Lights (2001) |
Cry | Black & White 050505 (2005)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Canoe.ca | (positiv)[2] |
Q | [3] |
Uncut | (middels)[4] |
Cry er det 13. studioalbumet til det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut 1. april 2002. Albumet var derimot hamna på Internett fleire veker før det kom ut offisielt.
Cry var det første albumet med originale songar av Simple Minds på fleire år etter ein pause som følgde Neapolis og det skrinlagde Our Secrets are the Same. Som eit comeback valde dei å lage eit fokusert popalbum med fokus på melodi og stramme arrangement.[5]
Jim Kerr sa då albumet kom ut: «Eg likar ideen om særs fokuserte melodiar, stramme arrangement, kommersielle greier. Eg sa til Charlie: Dette er den einaste musikken eg har lyst å lage no. La oss prøve å gå på kanten og gjere nokre skikkelege popgreier.»[6]
Cry vart spelt inn det siste halvåret av 2001 på Sicilia og i Glasgow i Skottland. Albumet vart stort sett skriven av bandet i lag. Jim Kerr arbeidde med fleire italienske musikarar, multiinstrumentalisten Gordon Goudie og andre, medan Charlie Burchill berre medverka på to spor. Det siste sporet på albumet var instrumentalen «The Floating World», skriven av Vince Clarke.[5]
Albumet fekk middels kritikk. Sjølv om James McNair i magasinet Q kalla det «ei skuffande suppe av halvgode idear og stilmessige ingrediensar» fekk det òg positiv omtale somme stader. Jane Stevenson i Toronto Sun skreiv: «Dei episke nummera Spaceface, New Sunshine Morning, One Step Closer, Sugar og Sleeping Girl er særskild dansevennlege, medan dei meir dempa Lazy Lately og Cry Again definitivt er verdt å lytte på. Ikkje like godt utførte er den akustiske Face In The Sun, dei usamanhengande Disconnected og Slave Nation, og instrumentalen The Floating World som avsluttar albumet er ikkje verdt det.» Uncut-skribenten David Stubbs skreiv at bandet prøvde å fornye stilen sin: «sjølv om det er oppmuntrande at Simple Minds har gått bort frå den luftige stadionrock-stilen, manglar dette albumet den meisterlege lettheita til New Gold Dream eller Sons and Fascination.»[7]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Cry» | Jim Kerr, Dino Maggiorana, (N. Morris,) Mike Nicita, Daniele Tignino, Pat Legato | 3:57 |
2. | «Spaceface» | Sean Kelly, J. Kerr | 3:54 |
3. | «New Sunshine Morning» | J. Kerr, Maggiorana, Nicita, Tignino, Legato | 3:37 |
4. | «One Step Closer» | J. Kerr, Planet Funk | 6:07 |
5. | «Face in the Sun» | Mark Kerr | 3:58 |
6. | «Disconnected» | J. Kerr, Kevin Hunter, Gordy Goudie | 3:38 |
7. | «Lazy Lately» | Charlie Burchill, M. Kerr | 4:03 |
8. | «Sugar» | Charlie Burchill, M. Kerr | 3:14 |
9. | «Sleeping Girl» | J. Kerr, Maggiorana, Nicita | 4:12 |
10. | «Cry Again» | J. Kerr, Maggiorana, Nicita, Tignino, Legato | 3:36 |
11. | «Slave Nation» | J. Kerr, Hunter, Goudie | 3:02 |
12. | «The Floating World» | Vince Clarke | 4:26 |
Kjelde:[8]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Type | Lengd |
---|---|---|---|---|
13. | «Lead the Blind» | Charlie Burchill, M. Kerr | Originalt bonusspor | 3:58 |
14. | «For What It's Worth» | Stephen Stills | Cover | 3.43 |
15. | «The Garden» | Charlie Burchill, Jim Kerr, Kevin Hunter | Originalt bonusspor | 3.15 |
16. | «New Sunrise» | J. Kerr, Maggiorana, Nicita, Tignino, Legato | «New Sunshine Morning» akustisk versjon | 4.17 |
17. | «Where Is the Max?» | Planet Funk | Planet Funk's «One Step Closer» alternativ (instrumental) versjon | 4.40 |
Andre medverkande