Cupvinnarcupfinalen i fotball 1968 fann stad på Stadion Feijenoord i Rotterdam 23. mai 1968, framfor 53 276 tilskodarar. Italienske AC Milan vann finalen, den 8. i sitt slag, med siffera 2-0 over Hamburger SV.
Den svenske Milan-spissen Kurt Hamrin vart einsleg målskårar med sine to nettkjenningar i den fyrste omgangen, i høvesvis det 3. og det 19. minutt.
José María Ortiz frå Spania dømde kampen.
Milan sitt vinnarlag bestod av: Fabio Cudicini, Angelo Anquiletti, Nevio Scala, Karl-Heinz Schnellinger, Roberto Rosato, Giovanni Trappatoni, Giovanni Lodetti, Gianni Rivera (kaptein), Kurt Hamrin, Angelo Sormani og Pierino Prati.
Hamburg mønstra: Özcan Arkoç, Helmut Sandmann, Egon Horst, Willi Schulz, Jürgen Kurbjuhn, Holger Dieckmann, Werner Krämer, Bernd Dörfel, Uwe Seeler (kaptein), Franz-Josef Hönig og Gert Dörfel.