Curt Hansen | |
![]() | |
Statsborgarskap | Kongeriket Danmark |
Fødd | 18. september 1964 (60 år) Bov Parish |
Yrke | sjakkspelar |
Curt Hansen på Commons |
Curt Hansen (fødd 18. september 1964) i Bov i Sønderjylland er ein dansk stormeister i sjakk og ein av dei sterkaste sjakkspelarane i Danmark gjennom tidene.
Han fekk det store gjennombrotet sitt 17 år gammal, då han vann europamesterskapen i sjakk for juniorar i 1982. Dette følgde han opp med danmarksmeisterskapen og nordisk meisterskap i sjakk det følgjande året, og i 1984 blei han verdsmeister i sjakk for juniorer. Enda eit år seinare hadde han oppfylt krava for å stormeister. Høgaste FIDE-rating er 2635 frå juli 2004, pr. november 2010 hadde han 2619. Høgaste plassering på verdsrankingen var i 1992, då han var nummer 14. Han har vunne om lag 20 større sjakkturneringar, seks danmarksmeisterskap, tre tyske lagmeisterskap med Köln Porz og 61 poeng på 94 landskampparti, mellom anna 66% i 48 OL-parti.
Curt Hansen er også ein framståande postsjakkspelar, der han også er stormeister.
Curt Hansen har sidan 1986 vore redaktør for sjakkspalta i Jyllands-Posten.
Curt Hansen har vunne turneringa seks gongar: 1983, 1984, 1985, 1994, 1998 og 2000.