Curtis Amy | |||
Fødd | 11. oktober 1929 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Houston i Texas i USA | ||
Død | 5. juni 2002 (72 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles, California i USA | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1950-åra til 1970-åra | ||
Sjanger | Jazz | ||
Instrument | Saksofon | ||
Plateselskap | Pacific Jazz | ||
Verka som | Musikar |
Curtis Amy (11. oktober 1929–5. juni 2002) var ein USA-amerikansk jazz-saksofonist.[1]
Amy vart fødd i Houston i Texas i USA.[2] Han lærte å spela klarinett før han byrja i hæren, og i løpet av tida i teneste tok han til med tenorsaksofonen.[2] Etter utskrivninga gjekk han og vart uteksaminert frå Kentucky State College.[2] Han jobba som pedagog i Tennessee medan han spelte i jazzklubbar i midtvesten.[2] På midten av 1950-talet flytta han til Los Angeles og signerte seinare med Pacific Jazz Records, og spelte ofte med organisten Paul Bryant. På midten av 1960-talet heldt han til tre år som musikalsk leiar for orkesteret til Ray Charles, saman med kona si, Merry Clayton, og Steve Huffsteter.[3]
I tillegg til å leia sine eigne band og spela inn album under eige namn, gjorda Amy studioarbeid og spelte soloane på fleire innspelingar, inkludert The Doors-songen «Touch Me», Carole King sitt Tapestry og dei første albuma til Lou Rawls, Black and Blue og Tobacco Road, samstundes med Dexter Gordon i Onzy Matthews storband,[2][3] i tillegg til å jobba med Marvin Gaye, Tammy Terrell og Smokey Robinson.[3]
Fram til han døydde var han gift med songaren og plateartisten Merry Clayton.[3] Sonen deira, Kevin Amy, har òg forfølgt ein musikalsk karriere.[4]
Med Dizzy Gillespie
Med Carole King
Med The Doors
Med Lou Rawls
Med Gerald Wilson