Dactylorhiza russowii | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Art: | D. russowii | ||
Vitskapleg namn | |||
Dactylorhiza russowii
(Klinge) Holub
| |||
Økologi | |||
Utbreiing: | Aust for Austersjøen og nordlege Russland |
Dactylorhiza russowii er ei plante med omdiskutert gyldigheit i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae. Ho veks ikkje i Noreg.
Dactylorhiza russowii høyrer truleg til kongsmarihand-gruppa D. majalis. Heile gruppa er tetraploid og har truleg kome til ved hybridisering mellom dei to diploide plantene engmarihand (D. incarnata) og skogmarihand (D. maculata ssp. fuchsii), kopla med dobling av kromosomtalet.[1]
D. russowii har vore registrert i alle landa i Baltikum.[2] I Litauen er han no rekna til D. traunsteineri, som er eit synonym for lappmarihand.[3] Ei kartlegging i Estland i 2005 konkluderte òg med at registrerte funn av D. russowii skulle reknast til D. traunsteineri.[4] I Latvia, Estland og i Plants of the World Online er han likevel framleis rekna som ein eigen art.[5]
I Estland (estisk namn Russowi sõrmkäpp) veks D. russowii spreidd over det meste av landet og har status som sårbar (VU).[6] I Latvia (latvisk namn rusova dzegužpirkstīte)[7] veks han spreidd og er temmeleg sjeldan, men står ikkje som truga på den latviske raudlista.[2] I Litauen veks D. traunsteineri (litauisk namn siauralapė gegūnė) spreidd søraust og vest i landet og er rekna som sterkt truga (EN).[3][8]
I Estland er det registrert hybridar mellom Dactylorhiza russowii og grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × russowii).[9]