Dafna | |||
kibbutz | |||
Elva Dan i kibbutz Dafna
| |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Øvre Galilea regionale kommune | ||
Koordinatar | 33°13′48″N 35°38′19″E / 33.23000°N 35.63861°E | ||
Folketal | 962 (2019)[1] | ||
Grunnlagd | 3. mai 1939 | ||
• Grunnlagd av | HaShomer | ||
Tilhøyrsle | Kibbutz-rørsla | ||
Dafna 33°13′48″N 35°38′19″E / 33.23°N 35.638611111111°E | |||
Kart som viser Dafna.
| |||
Wikimedia Commons: Dafna (Kibbutz) |
Dafna (hebraisk skrift דַּפְנָה) er ein kibbutz i Øvre Galilea nord i Israel, 7 km aust for Kiryat Shmona. Han vart grunnlagd den 3. mai 1939, som ei tårn- og palisade-busetjing og var den første busetjinga av denne typen nord i Huladalen. Dan og Dafna vart kalla «Ussishkin-festningane».
Tre sideelvar til Dan-elva renn i det eviggrøne landskapet.
Dei første nybyggjarane var hovudsakleg innvandrarar frå Polen og Litauen.[2] I 1947 hadde han eit folketal på 600.[2]
I følgje ei bok frå 1949 av Jewish National Fund heldt Dafna og grensebusetjingane Dan og Kfar Szold syrarane og libanesiske styrkar unna under den arabisk-israelske krigen 1948. Busetjinga var derimot ofte bomba og fekk store skadar.[2]
Dafna samarbeidd med Dan om å opprette det første aureoppdrettsanlegget i området.