Dag Jostein Fjærvoll | |||
Fødd | 20. januar 1947 Hadsel | ||
---|---|---|---|
Død | 5. februar 2021 (74 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar, skuleleiar | ||
Utdanna ved | Oslo lærerhøgskole | ||
Far | Edmund Fjærvoll | ||
Verv | Ordførarar i Hadsel 1980-1985 | ||
Føregangar | John Kristiansen | ||
Etterfylgjar | Ingegjerd Solum | ||
Alle verv |
|
Dag Jostein Fjærvoll (20. januar 1947–5. februar 2021) var ein norsk politikar frå Kristeleg Folkeparti. Han sat på Stortinget frå 1985 til 1997, innvald frå Nordland.
Dag Jostein Fjærvoll var statsråd og sjef for to departement i Regjeringa Bondevik I:
Før han blei rikspolitikar, var Fjærvoll ordførar i Hadsel kommune. Han var utdanna lærar frå Oslo lærerskole og har tilleggsutdanning i matematikk og rådgjevingsfag. Han var også lærar, undervisingsinspektør og rektor på Melbu skole. Fjærvoll var busett på Stokmarknes og etter den politiske karrieren var han arbeidande styreleiar for Vesterålen Høgskolesenter på Stokmarknes.
På Stortinget sat sat Fjærvoll to periodar i presidentskapen, høvesvis i Lagtinget og Odelstinget.
Far til Dag Jostein Fjærvoll, Edmund Fjærvoll, var stortingsrepresentant for Nordland KrF i to periodar, 1961–1965 og 1969–1973. Anne Orderud Paust var Fjærvoll sin sekretær då han var forsvarsminister.