Dag Klaveness | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 29. august 1945 |
Død |
30. oktober 2020 (75 år) |
Yrke | limnolog, professor |
Dag Klaveness (fødd 29. august 1945) er ein norsk biolog og limnolog, med cand. real i botanikk (marin botanikk, 1971) og doktorgradskompetanse (1978) på arbeid med mineraldannande mikroorganismar.
Klaveness vart universitetslektor i limnologi frå 1974, professor frå 1992 ved Universitetet i Oslo. Han har hatt forskingsopphald i USA og Frankrike, feltarbeid i Sargassohavet, i norske fjordar og kystfarvatn og i skandinaviske innsjøar i låglandet og i høgfjellet.
Som biolog har han hovudsakleg arbeidt med eukaryote mikroorganismar i økologisk og evolusjonær samanheng, medan limnologien opnar for studiet av tydinga deira i dei mest forskjelligarta akvatiske miljø. Han har òg studert og skrive om fenologien til plantar.