Dagfinn Olsen | |||
Fødd | 29. juni 1966 (58 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Framstegspartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Dagfinn Henrik Olsen (fødd 29. juni 1966) er ein norsk sjømann og politikar frå Lødingen i Nordland. Stortingsrepresentant 2018–19 og frå 2021.
Olsen er utdanna sjøkaptein 1989 og var frå 2005 statslos i Kystverket.
Stortingsperioden 2017–21 var Olsen vararepresentant for Framstegspartiet frå Nordland. Frå 31. august 2018 til 18. desember 2019 møtte han fast på Stortinget ettersom Kjell-Børge Freiberg var statsråd for Olje- og energidepartementet. Gjennom stortingsvalet 2021 kom Olsen inn på Tinget for heile fireårs-bolken. På Stortinget er han medlem i Arbeids- og sosialkomitéen.