Dagmar Loe | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 19. januar 1923 |
Død |
5. mars 2024 (101 år) |
Yrke | journalist, reporter, programskaper |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Far | Olav Scheflo |
Ektefelle | Erik Loe |
Prisar | Narvesenprisen, Fritt Ords Pris |
Dagmar Loe (19. januar 1923–5. mars 2024)[1] var ein norsk journalist kjend frå åra sine i NRK.[1] Loe medverka til å utvikle forbrukarjournalistikken[2] og den kritiske, gravande journalistikken i norsk fjernsyn.[3]
Dagmar Scheflo blei fødd 19. januar 1923[4] i ein familie som var politisk aktiv på venstresida.[2] Ho vaks opp i Oslo, Kristiansand og Lillehammer som dotter av redaktøren og politikaren Olav Scheflo (1883–1943) og Dagmar Kjølsrud (1886–1968).[2][4] Ho var syster av redaktør Inge Scheflo (1915–1978)[5][4] og var frå 1951 gift med journalisten og utanriksredaktøren i Arbeiderbladet Erik Loe (1920–2013).[2]
I 1936 møtte Loe Lev Trotskij i Randesund under eksilopphaldet hans i Noreg. Faren Olav Scheflo hadde arbeida for å skaffe Trotskij asyl i Noreg, og Trotskij ferierte sommaren 1936 utanfor Kristiansand på invitasjon frå Scheflo.[6][7][8][9] Etter den tyske invasjonen av Noreg i april 1940 flykta familien Scheflo nordover saman med blant andre Sigrid Undset og Fredrik Paasche med familie.[10][11] Frå Rana reiste følgjet inn i Sverige 8. mai via Umbukta. Undset var ikkje kledd for å ta seg over fjellet på snøføre og ho var tungfør og ikkje sprek. Med hjelp av seks norske menn frå området blei Scheflo (som var invalidisert av leddgikt) og Undset trekte på slede over grensa. Etter 14 timar til fots kom dei til ei brakke med vegarbeidarar på svensk side. Unge Dagmar likte den storslåtte Undset som «var veldig varm, og samtidig veldig barsk». Olav Scheflo blei lagd inn på Karolinska med støtte av Undset.[12][13][14]
Kvinnene ville vere representert i eit så viktig program [Partiene svarer] og Dagmar Loe fekk pålegg om å stille. Det likte ho ikkje, for ho tykte ikkje det var hennar form. Det var reportasjar ho helst ville lage, og det hadde ho ei så fin hand med at det fullt fortent skaffa henne Narvesenprisen. For min part tykte eg det var godt å ha Dagmar Loe med. Politikarane hadde tydeleg større vørdnad for henne enn dei hadde for Lars-Jacob Krogh og meg, som dei såg på som spekkhoggarar.
Loe byrja yrkeskarrieren sin etter 1945 i Arbeidernes Pressekontor og deretter (frå 1951) i biletbladet Aktuell[2] og Forbrukerrapporten (frå 1961) og medverka der å utvikle forbrukarjournalistikken. Ho arbeidde til dels som frilansar.[2] I 1963 hadde ho flere kåseri i NRK-radio, og frå 1968 arbeidde ho i NRK Dagsrevyen som ein av dei fyrste kvinnelege reportarane. Seinare gjekk ho til sosialavdelinga i NRK, og i 1990 leia ho Sosialkanalen.[16][17][18]
I 1977 medverka Loe i utvalet som leverte NOU 1977: 52 Informasjonstjenesten i Forsvaret; utvalet blei leia av Johan Jørgen Holst.[19] Ho var medlem av Statens tobakksskaderåd 1974–1976 (vara i føregåande periode).[20]
Frå tidleg på 1980-talet laga Loe fleire djuptpløyande dokumentarprogram, blant anna om abort, incest, likestilling, barnearbeid og våpenproduksjon.[21] Ho blei tildelt Narvesenprisen i 1988 for seriøs, djuptpløyande og informativ journalistikk.[22][16] I 1993 fekk ho Fritt Ords honnør for dristig, undersøkjande journalistikk og usjølviske arbeidsmetodar. Arbeidet til Loe blei kritisert frå talarstolen på Stortinget.[23][24][2]
I 2011 blei biografien Dagmar Loe. Reporter, skriven av Sidsel Meyer, gjeven ut.[2][25]