Dakshin Gangotri | |||
stasjon | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Dronning Maud Land | ||
- koordinatar | 70°05′37″S 12°00′00″E / 70.09361°S 12.00000°E | ||
Grunnlagd | 25. februar 1984 | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Wikimedia Commons: Dakshin Gangotri |
Dakshin Gangotri var den første forskingsstasjonen til India i Antarktis og vart oppretta under Den tredje indiske ekspedisjonen til Antarktis.
Ein mogeleg stad for ein permanent stasjon vart diskutert i detalj under Den tredje indiske antarktisekspedisjonen av forskarar, mellom anna medlemmar av den andre indiske antarktisekspedisjonen som deltok i den tredje ekspedisjonen, og offiserane på skipet. Alt tilgjengeleg materiale, som flyfoto, kart laga av Norsk Polarinstitutt og tilråding frå den andre ekspedisjonen, vart studerte i detalj. Staden vart til slutt valt. Tjukkleiken på isbremmen i dette området er kring 150 meter tjukk. Staden var utan bresprekkar og hadde godt utsyn mot Wohlthatmassivet i sør.[1]
Bygginga starta like etter at ekspedisjonen gjekk i land den 27. desember 1983, og var ferdig den 25. februar 1984, åtte veker seinare. Stasjonen fekk namnet «Dakshin Gangotri», som tyder 'sørlege Gangotri'.[2]
Tolv medlemmar frå den tredje ekspedisjonen var dei første til å overvintre ved Dakshin Gangotri frå mars 1984 til mars 1985. Ein annan permanent stasjon, Maitri, vart oppretta i 1989. Dakshin Gangotri vart nedlagd den 25. februar 1990 og omgjort til forsyningsbase for Den niande indiske antarktisekspedisjonen.[3]
Vêrdata for Dakshin Gangotri, 1988 | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Høgast målte °C | 12,4 | −1 | −0,2 | −8,7 | −6 | −7 | −11,4 | −8 | −8,1 | −11 | −4,6 | 1,2 | 12,4 |
Gjennomsnittleg maks °C | 4,1 | −4,3 | −6,8 | −13,1 | −17,1 | −12,6 | −17,4 | −21,5 | −20,2 | −13,2 | −7,4 | −1,7 | −10,9 |
Døgnmiddeltemperatur °C | −1,4 | −6,3 | −9,8 | −17 | −20,4 | −15 | −21 | −25,4 | −25,1 | −17,9 | −13,3 | −5,6 | −14,9 |
Gjennomsnittleg min °C | −5,3 | −8,9 | −13,3 | −21,4 | −24,5 | −17,9 | −24,8 | −30,3 | −29,3 | −21,6 | −18,4 | −10 | −30,3 |
Lågast målte °C | −12,5 | −16,3 | −20,5 | −30,7 | −35,1 | −31 | −34 | −42,2 | −39,5 | −28 | −25,1 | −13,6 | −42,2 |
Kjelde: [4] |