Dalton | |||
דַּלְתּוֹן | |||
moshav | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Merom HaGalil | ||
Koordinatar | 33°0′57.96″N 35°29′14.99″E / 33.0161000°N 35.4874972°E | ||
Folketal | 869 (2015) | ||
Grunnlagd | 1950 | ||
• Grunnlagd av | Hapoel Hamizrachi | ||
![]() Dalton i Israel 33°00′58″N 35°29′15″E / 33.0161°N 35.487497222222°E | |||
Wikimedia Commons: Dalton, Israel |
Dalton (דַּלְתּוֹן) er ein moshav nær Safed nord i Israel under Merom HaGalil regionale kommune. Han vart grunnlagd av immigrantar frå Tripoli i Libya i 1950, leia av Hapoel Hamizrachi. På området til moshaven ligg ei grav ein trur høyrer til rabbien Yosi Haglili og sonen hans Yishmael. Hovudnæringa til moshaven er jordbruk, Dalton vingard og eit gjestehus.
Dalton er nemnt i mellomalderlitteraturen og dokumenter oppdaga i Kairo Geniza. I Geniza finst det ein del av eit brev sendt frå Dalton til Egypt, signert av «Shlomo HaKohen frå byen Dalton, son av Yosef». Om vismannen Eliyahu HaKohen, som døydde i Tyr i 1063 er det skrive at heile Israel bar lekamen hans på skuldrene sine til eit fjelli Galilea, til Dalton på toppen av fjellet.[1] I følgje ei lokal segn er rabbien Yosi HaGlili og sonen hans Yishmael gravlagd i Dalton.
I ein ruin utafor moshaven ligg ruinane av ei gammal synagoge. Seinare vart det funne ei marmorsøyle i synagoga med ein arameisk inskripsjon med ein tekst som er funne i andre synagoger frå same tid. Teksten tyder noko slikt som «Herskaren av verda vert minna for det gode».[2]