«Dancing Lasha Tumbai» Song av Verka Serduchka | ||
Land | Ukraina | |
Språk | Tysk, engelsk, russisk og ukrainsk | |
Utgjeve | 2007 | |
Sjanger | Eurodance, folk, pop | |
Lengd | 03:13 | |
Selskap | Universal, Sojuz, Mama Music[1] | |
Komponist | Verka Serduchka | |
Tekstforfattar | Verka Serduchka | |
Låtskrivar(ar) | Andrij Danylko |
---|
«Dancing Lasha Tumbai» (ukrainsk Данцінґ Лаша Тумбай, norsk transkripsjon Dantsing Lasja Tumbaj) er ein song frå 2007 med den ukrainske komikaren og artisten Verka Serduchka (Andrij Danylko). Songen var det ukrainske bidraget i Eurovision Song Contest 2007 i Helsingfors i Finland, der han enda på andreplass bak det serbiske bidraget «Molitva» med Marija Šerifović. Songen heitte opphavleg «Danzing», men endra tittelen på grunn av kontroversar rundt songteksta.[2] Teksta inneheld linjer på fire forskjellige språk: tysk, engelsk, russisk og ukrainsk.
«Dancing Lasha Tumbai» er skriven av komikaren og dragartisten Andrij Danylko, best kjend som alter egoet sitt Verka Serduchka. Songen vann den ukrainske nasjonale finalen i 2007 og var dimed det ukrainske bidraget til Eurovision Song Contest 2007.
Valet av ein dragartist som representant for Ukraina vart sterkt kritisert av fleire medium og politikarar i landet.[3][4]
Også songteksta vart møtt med kritikk og kontroversar. Ifølgje låtskrivaren sjølv er uttrykket «Lasha Tumbai» eit mongolsk uttrykk for 'piska krem', 'milkshake' eller 'kinna smør'.[5] Men kritikarane meinte at det ikkje finst noko slikt uttrykk på mongolsk, og at uttala av uttrykket kunne høyrast ut som «Russia goodbye» ('Russland, farvel') – som ein kommentar til Oransjerevolusjonen i Ukraina 2004–2005.[6] Delar av teksta er i tillegg også på russisk.
Serduchka fekk likevel full støtte av kringkastaren Natsionalna telekompanija Ukrajiny, og deltakinga i Helsingfors gjekk dimed som planlagd. «Dancing Lasha Tumbai» enda på andreplass og vart ein hit i fleire europeiske land.
Liste (2007) | Høgaste plassering |
---|---|
Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[7] | 49 |
Belgia (Ultratop)[8] | 14 |
Europa (European Hot 100 Singles) | 22 |
Finland (Suomen virallinen lista)[9] | 2 |
Frankrike (SNEP)[10] | 6 |
Irland (Irish Singles Chart)[11] | 31 |
Storbritannia (UK Singles Chart)[12] | 28 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[13] | 53 |
Sverige (Sverigetopplistan)[14] | 6 |
Tyskland (GfK Entertainment Charts)[15] | 74 |
Ukraina (Airplay Chart Top 40)[16] | 13 |