Dandy Singel av The Kinks frå albumet Face to Face | ||
B-side |
«Party Line» | |
---|---|---|
Utgjeve | Oktober 1966 (Europa) | |
Innspelt | Mai-juni 1966 i Pye Studios (nr. 2), London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 2:12 | |
Selskap | Pye 7N 317 | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Shel Talmy | |
The Kinks-kronologi | ||
«Sunny Afternoon» (1966) |
Dandy | «Dead End Street» (1966)
|
Dandy av The Kinks Singel av Herman's Hermits frå albumet There's a Kind of Hush All Over the World | ||
B-side |
«My Reservation's Been Confirmed» | |
---|---|---|
Utgjeve | 12. september 1966 | |
Innspelt | 1966 | |
Sjanger | Pop | |
Selskap | MGM K-13603 | |
Låtskrivar(ar) | Ray Davies | |
Produsent | Mickie Most | |
Herman's Hermits-kronologi | ||
«This Door Swings Both Ways» (1966) |
Dandy av The Kinks | «No Milk Today» (1966)
|
«Dandy» er ein song av The Kinks frå 1966 på albumet Face to Face. Songen vart gjeven ut som singel i Europa utanom Storbritannia, der han nådde førsteplassen i mellom anna Tyskland. I somme land vart B-sida, «Party Line» (òg frå Face to Face) gjeven ut som A-side.
Songen omhandlar låtskrivar Ray Davies sitt spottelege syn på ein person som ønskjer å verte ein Don Juan. Det har vore spekulasjonar om Davies skreiv songen om den ville livsstilen til den yngre broren og gitarist i The Kinks, Dave Davies.
«Dandy» vart ein hitsingel i USA for den britiske gruppa Herman's Hermits på same tid. Han nådde femteplassen på Billboard Hot 100. Denne utgåva vart heller ikkje gjeven ut i heimlandet.