Daniel A. Vigeland | |||
Fødd | 29. desember 1847 | ||
---|---|---|---|
Død | 24. juni 1927 (79 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Daniel Andersson Vigeland (29. desember 1847–24. juni 1927) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Froland i Aust-Agder. Daniel Knutsson Vigeland var morfar hans.
Vigeland gjekk eit halvtårskurs på Viggo Ullmann sin folkehøgskule. I 1877 arva han garden Vigeland i Øyestad etter ein morbror, og han vart gardbrukar der. Han var medlem av heradsstyret i Øyestad frå 1878 til 1913, på seks år nær. Ordførar i fleire år.
Vigeland representerte Nedenes amt på Stortinget frå 1898 til 1903. Begge valperiodane var han medlem av budsjettkomiteen, 1900-03 også av Lagtinget.
Han døydde på Vigelands-garden av ein nyresjukdom i 1927.