Darkush | |||
دركوش | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Idlib guvernement | ||
Distrikt | Jisr al-Shughur-distriktet | ||
Nahiyah | Darkush | ||
Koordinatar | 35°59′33″N 36°23′35″E / 35.99250°N 36.39306°E | ||
Folketal | 5 295 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Darkush 35°59′33″N 36°23′35″E / 35.9925°N 36.393055555556°E | |||
Kart som viser Darkush.
| |||
Wikimedia Commons: Darkush |
Darkush (arabisk دركوش; òg skrive Darkoush eller Derkush) er ein by nord i Syria i Idlib guvernement, nordvest for Idlib langs grensa til Tyrkia ved elva Orontes. Av stader i nærleiken finn ein al-Janudiyah, Zarzur og al-Najiyah i sørvest, Jisr al-Shughur i sør og Millis og Maarrat Misrin i aust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Darkush eit folketal på 5 295 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Darkush nahiyah som består av 19 landsbyar med eit samla folketal på 23 022.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg sunnimuslimar.[2]
Ein inskripsjon i byen er datert attende til romartida og syner at det låg eit skipsverft i byen, som bygde elvebåtar som kunne nyttast på Orontes.[3] Byen har òg restar av ei gammal bru.[4] Kristninga av byen skjedde truleg etter 322.[5]
Under krosstoga vart byen underlagt Fyrstedømet Antiokia[4] fram til han vart erobra av Saladin i 1188. Byen fall attende til krossfararane under Bohemond VI av Antiokia og Tripoli i 1260.[6] Byen vart til slutt erobra attende av mamelukkane og sultanen Baibars i 1267. Ingenting er att etter festninga krossfararane bygde i byen, sidan steinen vart nytta til andre bygningar.[4] Darkush vart vitja av den syrisk geografen Yaqut al-Hamawi i 1220-åra, under Ajjubide-dynastiet. Han noterte at han var ei «festning nær Antâkiyyah, i provinsen 'Awâsim».[7]
Den 13. august 1822 vart byen og området rundt øydelagd i eit massivt jordskjelv. Skjelvet skal ha teke livet av 20 000 menneske.[8]
Tidleg i 1960-åra vart han skildra som ein stor landsby med 2 500 innbyggjarar og «ein av dei mest pittoreske» stadane i området av geografen og forfattaren Robert Boulanger.[2]
Under den syriske borgarkrigen, som starta i mars 2011, vart Darkush erobra av opprørarar i november 2012.[9] Fram til då var byen stort sett delt politisk, der innbyggjarane i nord støtta opposisjonen, medan dei i sør stort sett støtta regjeringa. Øydelagde bygningar som tidlegare høyrte til tryggingsstyrkane, markerer skilje mellom dei to delane. Seint i januar var byen underlagt opprørarane og vart nytta som utgangspunkt for militæroperasjonar mot statlege stillingar i fjella i sør.[10]
Byen Darkush ligg i ein wadi i Orontesvassdraget, ved foten av an-Nusayriyah-fjella.[11]