Dave Townsend | |||
Fødd | 17. mai 1954 (70 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Storbritannia | ||
Verka som | komponist |
Dave Townsend (fødd 17. mai 1954) er ein britisk låtskrivar, tekstforfattar og songar.[1] Utanom ein solokarriere varr han òg vokalist for The Alan Parsons Project, og song solovokal på «Don't Let it Show» på albumet, I Robot (1977),[2] og «You Won't Be There» frå Eve (1979).[3]
Townsend skreiv songen «Miss You Nights» i 1974 medan kjærasten var bortreist på ferie. Denne vart spelt inn av Cliff Richard i 1975 og Townshend vart nominert til Ivor Novello-prisen i 1977 for «beste Middle of the Road-song» for songen.[4]
Debutalbumet hans, Making Up the Numbers, kom ut i september 1978 under namnet David Townsend.[5]