David McWilliams | |||
Fødd | 4. juli 1945 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Belfast i Nord-Irland | ||
Død | 8. januar 2002 (56 år) | ||
Dødsstad | Ballycastle i Nord-Irland | ||
Fødenamn | David Samuel McWilliams | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1965 til 1980-åra | ||
Instrument | Vokal, gitar | ||
Plateselskap | CBS Major Minor Dawn EMI Kapp (USA) | ||
Verka som | Songar, låtskrivar |
David Samuel McWilliams (4. juli 1945–8. januar 2002) var ein songar, låtskrivar og gitarist frå Nord-Irland, mest kjend for songen «Days of Pearly Spencer» i 1967.
McWilliams var fødd i Belfast, men voks opp i Ballymena.[1] Han byrja å spele gitar og skrive songar i tenåra og tarta eit lokal danseband, The Coral Showband, tidleg i 1960-åra.[1][2][3] Han var òg fotballspelar og prøvespelte for Linfield som målmann.[2][4]
Han flytta til London der han fekk kontrakt med CBS Records, og gav ut den mislukka singelen «God and My Country» i 1966, før han hamna på det vesle Major Minor, som var drive av venen Dominic Behan.
Det første albumet til McWilliams, David McWilliams Singing Songs by David McWilliams, vart produsert og arrangert av Mike Leander, og nådde 38. plassen på UK Albums Chart. Han spelte raskt in eit album til, David McWilliams, som nådde 23. plassen på den same lista og inneheld singelen «Days of Pearly Spencer».[3] Denne songen handla om ein heimlaus mann McWilliams hadde møtt i Ballymena med feiande orkesterarrangement av Leander og eit refreng med ein lyd som om det vart sungen gjennom ein megafon.[1] Songen vart mykje spelt på piratradioen Radio Caroline og med hjelp av markandsføring i den britiske musikkpressa selde singelen godt sommaren 1967 på kontinentet. Songen gjekk til topps i fleire land, som Frankrike og Nederland, og selde over ein million eksemplar verda over.[2] Singelen gjekk derimot ikkje inn på singellista i Storbritannia, kanskje fordi BBC nekta å spele songen etter ha vart linka til piratradio.[3] I Italia vart songen spelt inn i 1968 av Caterina Caselli som «Il volto della vita». Ein spansk versjon kalla «Vuelo blanco de gaviota» vart spelt inn i 1979 av Ana Belén. Ein versjon spelt inn av Marc Almond, med eit ekstra vers skriven av Almond for å gjere songen meir optimistisk, nådde fjerdeplassen på den britiske singellista i 1992 og åttandeplassen i Irland.
McWilliams gav ut eit album til, David McWilliams III, og fleire singlar for Major Minor, og turnerte mykje i Europa, stundom i lag med The Dubliners og The Kerries.[3] I 1968 vart songen «Can I Get There By Candlelight?» nytta som kjenningsmelodi for det nederlandske radioprogrammet Candlelight med Jan van Veen. Songen vart populær i Tyskland og Italia og vart spelt inn på italiensk.[1][5] David Bowie skal visstnok ein gong ha omtalt McWilliams som ein av favorittlåtskrivarane hans.[4] Eit album, Days of Pearly Spencer, med songar frå dei tre albuma hans, kom ut på Kapp Records i USA i 1968.[5] Han gav ut fleire singlar og album i 1970-åra, men hadde ikkje noko suksess med desse.[3]
McWilliams flytta attende til Nord-Irland i 1978, og spelte sjeldan etter det, hovudsakleg på lokale pubar, men òg nokre større konsertar, som ein konsert til støtte for gruvestreikane i 1984.[6]
8. januar 2002 døydde McWilliams brått av eit hjarteinfarkt i heimen sin i Ballycastle, 56 år gammal. Han var gift to gonger og hadde åtte barn.[3]
År | Singel | Listeplassering | |||
---|---|---|---|---|---|
UK | AU | NL | FR | ||
1966 | «God and My Country»/«Blue Eyes» | - | - | - | - |
1967 | «Harlem Lady»/«Days of Pearly Spencer» | - | 42 | 1 | 1 |
1968 | «Marlena»/«How Can I Be Free?» | - | - | - | - |
«This Side of Heaven»/«Mr Satisfied» | - | - | - | - | |
«Who Killed Ezra Brymay?»/«Marlena» | - | - | - | - | |
1969 | «Fiori nel vento»/«Correrai, Correrai» | - | - | - | - |
«Oh Mama Are You My Friend»/«I Love Susie In The Summer» | - | - | - | - | |
«The Stranger»/«Follow Me» | - | - | - | - | |
«Three O'Clock Flamingo Street»/«What's The Matter With Me» | - | - | - | - | |
«Un sasso nel cuore»/«Lo Straniero» | - | - | - | - | |
1972 | «Gold»/«Go On Back To Momma» | - | - | - | - |
«Maggie's Coming Home»/«Margie» | - | - | - | - | |
1973 | «Love Like a Lady» | - | - | - | - |
1974 | «You've Only Been a Stranger» | - | - | - | - |
1976 | «Can I Get There By Candlelight?» | - | - | - | - |
1977 | «By The Lights of Cyrian»/«Toby» | - | - | - | - |
«Love Walked In (When You Walked Out Today)»/«Don't Need Your Blues» | - | - | - | - | |
1979 | «Circles»/«Dusty Bluebells» | - | - | - | - |
1981 | «Black Velvet»/«Every Time» | - | - | - | - |
1987 | «Working for the Government»/«Listen to the Heart» | - | - | - | - |
1994 | «Candlelight» (with Vanessa) | - | - | - | - |
«Circles»/«Laugh at the Clown» (with Michael Robinson) | - | - | - | - | |
«Dream Street Rose» | - | - | - | - |