Dear Angie Singel av The Iveys frå albumet Maybe Tomorrow | ||
B-side |
«No Escaping Your Love» | |
---|---|---|
Utgjeve | 18. juli 1969 | |
Innspelt | 1969 | |
Sjanger | Pop[1] | |
Lengd | 2:38 | |
Selskap | Apple | |
Låtskrivar(ar) | Ron Griffiths | |
Produsent | Tony Visconti | |
The Iveys-kronologi | ||
«Maybe Tomorrow» (1968) |
Dear Angie | «Come And Get It» (Badfinger)(1969)
|
«Dear Angie» er ein song skriven og sungen av bassisten Ron Griffiths frå The Iveys for albumet Maybe Tomorrow. Han vart gjeven ut som den andre singelen til bandet i somme land i Europa og vart sidan gjeven ut på Badfinger-albumet Magic Christian Music.
Sjølv om den første singelen til The Iveys på Apple Records, «Maybe Tomorrow», hadde selt dårleg i Storbritannia, vart han overraskande ein hit i Nederland. Apple ønskte derfor å gje ut ein ny Iveys-singel for å gje gruppa ein ny sjanse. Produsenten Tony Visconti valde ut «Dear Angie», som var meint å kome ut samstundes med albumet Maybe Tomorrow. Men før singelen og albumet kom ut tok Allan Klein over som sjef i Apple Corps. Klein stoppa begge utgjevingane til The Iveys utanom i land der «Maybe Tomorrow» hadde vore ein hit, som i Europa og Japan.