Deception River Deception River | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Lengd | 17 km | ||
Munning | Otiraelva | ||
Kart | |||
![]() Deception River 42°47′21″S 171°36′13″E / 42.7891°S 171.6036°E | |||
Wikimedia Commons: Deception River |
Deception-elva er ei elv på Sørøya på New Zealand. Ho er ei sideelv til Otiraelva i regionen West Coast, og renn stort sett i nordleg retning frå utspringet i hellingane under Mount Franklin. Ho renn nær Goat Pass, som gjev tilgang til Mingha River. Nesten heile elveløpet ligg innanfor nasjonalparken Arthur's Pass National Park[1].
Elva vart i si tid kalla «Goat Creek» ('Geitebekken'). Ho vart utforska om kring år 1900 som ei mogeleg alternativ rute for jarnvegslinja Midland Line, og landmålaren åtvara mot at vass-standen i elva kunne vera bedragersk (deceiving). Om lag tre månandar seinare valda flaum i elva inn i dalen Otira Valley skade på jarnvegen for fleire tusen pund, og elva fekk namnet ho ber i dag.[2]
Miljøverndepartementet, Department of Conservation, vedlikeheld ein tursti langs elva, og han er ein del av den årlege mangekamptevlinga Coast to Coast Race.[3] Der er tilgjengelege villmarkshytter for fotturistar, ei nær Goat Pass[4] og ei anna litt lenger nede langs elva.[5]
42°48′S 171°36′E / 42.800°S 171.600°E