Deep in the Motherlode Singel av Genesis frå albumet ...And Then There Were Three... | ||
Utgjeve | September 1978 | |
Innspelt | September – oktober 1977 | |
Sjanger | Progressiv rock, kunstrock | |
Lengd | 5:15 (album) 3:35 (singel) | |
Selskap | Charisma/Virgin (Storbritannia), Atlantic Records (USA) | |
Komponist | Mike Rutherford | |
Tekstforfattar | Mike Rutherford | |
Låtskrivar(ar) | Mike Rutherford | |
---|---|---|
Produsent | David Hentschel og Genesis | |
Genesis-kronologi | ||
«Many Too Many» (1978) |
Deep in the Motherlode | «Turn It On Again» (1980)
|
«Deep in the Motherlode», òg kalla «Go West Young Man (In the Motherlode)»[1], er ein song framført og spelt inn av Genesis, med tekst og musikk av Mike Rutherford. Han kom ut som det sjette sporet på albumet deira ...And Then There Were Three... i 1978 med tittelen «Deep in the Motherlode».
Songen fortel ei soge om ein mann på reise under gullrushet i Nevada og familien som bad han om å skaffe så mykje gull som mogeleg.
Ei «mother lode» (hovudåre) er ei særskild rik åre med verdifullt metall i ei gruve. Teksten «Go West, young man» er ein referanse til Horace Greeley, som 13. juli 1865 skreiv: «Go West, young man, go West and grow up with the country.»
Songen vart framført av Genesis på turneen deira i 1978 og vart ofte nytta som opningsnummer på turneen deira i 1980, men har ikkje blitt spelt sidan den gongen. I Japan og Nord-Amerika vart songen gjeven ut på singel, men då kalla «Go West Young Man (In the Motherlode)».[1]