Namnet tyder Jerir-klosteret eller Jerir-huset, kalla opp etter den arabiske diktaren Jarir.[1]
I 1596 stod landsbyen oppført (med namnet Dar Jarir) i osmanske skattelister som ein del av Quds nahiya i Qudsliwa. Han hadde eit folketal på 23 hushaldningar, alle muslimar. Skattar vart betalte for kveite, bygg, oliven, vindruer, frukttre, tilfeldige inntekter, geiter og/eller bikubar.[4]
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1860-åra, og estimerte at han hadde kring 200 innbyggjarar.[5] I 1882 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Dar Jerir som «ein mellomstor landsby, med gamle graver i sør, og ei kjelde i vest; nokre få oliventre på same side.»[6]
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene hadde landsbyen, då kalla Dair Ijreer, eit folketal på 739, alle muslimar.[7] I folketeljinga i 1931 var folketalet i Deir Jarir 847, framleis berre muslimar, i 172 busette hus.[8]
I 1945 var folketalet i Deir Jarir 1 080, alle arabarar, som eigde 33 161 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[9] 3 091 mål var plantasjar og irrigert land, 6 499 nytta for korn,[10] medan 40 mål var utbygd (urbant) land.[11]
Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 64
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 111
↑Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Centre, 1970, s. 161