Deir Qaddis | |||
دير قديس, Deir Qiddis, Dayr Qaddis | |||
kommune | |||
View of Deir Qaddis
| |||
Namneopphav: Helgenklosteret[1] | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ramallah og al-Bireh guvernement | ||
Koordinatar | 31°56′58″N 35°02′44″E / 31.94944°N 35.04556°E | ||
Areal | 8,2 km² | ||
Folketal | 1 942 (2007) | ||
Folketettleik | 237 / km² | ||
Borgarmeister | Fares Ibrahim | ||
![]() Deir Qaddis 31°56′58″N 35°02′44″E / 31.949444444444°N 35.045555555556°E | |||
Wikimedia Commons: Deir Qaddis |
Deir Qaddis (arabisk skrift دير قديس) er ein palestinsk by i Ramallah og al-Bireh guvernement, sentralt på Vestbreidda, 16 kilometer vest for Ramallah.[2] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen eit folketal på kring 1 942 innbyggjarar i 2007.[3]
Deir Qaddis tyder «Helgenklosteter».[1] Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja Deir Kaddis og fann ruinar av hus bygde med store blokker og fleire cisterner hogde ut i berget,[4] medan SWP (1882) noterte ruinane av eit kloster og ei grotte nær landsbyen, og at namnet på landsbyen indikerte at det hadde lege eit nonnekloster her.[5]
Landsbyen vart ein del av Det osmanske riket i 1517 i lag med resten av Palestina, og var i 1596 oppført i skattelister som Dayr Qiddis i Ramlah nahiya i Gazza liwa. Han hadde eit folketal på 11 hushaldningar, alle muslimar, og betalte skatt for kveite, bygg, sommaravlingar, olive- og frukttre, geiter og bikubar, og ei presse for oliven eller druer.[6]
I 1863 estimerte Guérin at Deir Kaddis hadde kring 350 innbyggjarar.[4] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine Deir el Kuddis som ei «lita grend på ei høgd, med hagar i nord [..] Det er ein brunn i aust.»[5]
I folketeljinga i 1922, utført av dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Dair Qaddis eit folketal på 299, alle muslimar,[7] og dette auka i folketeljinga i 1931 til eit folketal på 368, framleis alle muslimar, i 82 hus.[8]
I 1945 var folketalet i Deir Qaddis 440 arabarar, med 8 224 mål land, i følgje ei offisiell landmåling.[9] 1 815 mål vart nytta for plantasjar og irrigert land, 1 069 mål for korn,[10] medan 8 mål var utbygd (urbant) land.[11]
Etter den arabisk-israelske krigen i 1948, vart Deir Qaddis styrt av Jordan.
Deir Qaddis kom under israelsk okkupasjon i lag med resten av Vestbreidda etter seksdagarskrigen i 1967.