Delaware Art Museum | |||
| |||
Stad | Delaware | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1912 | ||
Delaware Art Museum 39°45′55″N 75°33′54″W / 39.765277777778°N 75.565°W |
Delaware Art Museum er eit kunstmuseum som ligg ved Kentmere Parkway i Wilmington i Delaware, og har ei samling av meir enn 12 000 gjenstandar. Museet blei grunnlagt i 1912 som Wilmington Society of the Fine Arts til ære for kunstnaren Howard Pyle.[1][2] Samlinga fokuserer på amerikansk kunst og illustrasjon frå 1800-talet til 2000-talet, og på dei engelske prerafaelittane frå midten av 1800-talet.
Museumsbygningen blei utvida og renovert i 2005, og omfattar ein skulpturpark på 9 hektar (36 000 m²), Helen Farr Sloan Library and Archives, atelier med kunstklasser, ein opplæringsstad for barn og ein kafé og museumsbutikk.
Museet blei grunnlagt i 1912, etter at Howard Pyle døydde, som Wilmington Society of the Fine Arts (WSFA), med over 100 måleri, teikningar og trykk kjøpte frå enkja til Pyle, Anne. Pyle var den best kjende amerikanske illustratøren på si tid; han døydde uventa i 1911 medan han var på reise til Italia.
Pyle hadde mange tidlegare studentar og velgjerarar i heimstaden Wilmington som ville ære minnet hans gjennom museet, mellom anna Frank Schoonover, Stanley Arthurs og Louisa du Pont Copeland. Charteret til museet fastsette at det hadde til hensikt «å fremja kunnskapen om og verdsetjinga av og framelska kunst i staten Delaware».[3]
Frå 1912 til 1922 hadde ikkje WSFA nokon fast tilhaldsstad. Foreininga heldt årlege utstillingar ved Hotel duPont med verk av Pyle og hadde juryerte utstillingar med verk av elevane hans og andre Delaware-kunstnarar. Pyle-samlinga heldt fram med å veksa på grunn av gjevmilda til Willard S. Morse, som gav over 100 verk av Pyle i penn og blekk til WSFA mellom 1915 og 1919. I 1922 leigde WSFA tre rom i New Library Building på hjørnet mellom 10th og Market Street i sentrum av Wilmington.[4]
I 1931 kontakta forvaltaren av arva etter Samuel Bancroft WSFA med eit tilbod om å donera ei samling av prerafaelittiske verk i tillegg til 11 hektar jord for å husa eit museum for samlinga. Bancroft hadde kjøpt måleria frå 1890-talet av, og det er «den største og viktigaste samlinga av britisk prerafaelittisk kunst og manuskriptsmateriale i USA».[3] Trass i vanskane under den store depresjonen klarte WSFA å samla inn 350.000 dollar til den nye bygningen, som blei opna i 1938.[5] Samstundes blei namnet endra til Delaware Art Center. Den nye bygningen var utforma av arkitektane Victorine & Samuel Homsey og den assosierte arkitekten G. Morris Whiteside II.[6]
WSFA flytta inn i Delaware Art Center i juni 1938. Wilmington Academy of Fine Arts dreiv pedagogiske program i bakkeetasjen. Då andre verdskrigen braut ut blei bensin strengt rasjonert, og talet vitjande til museet blei redusert. Wilmington Academy of Fine Arts blei oppløyst i 1943 og gav det det åtte til Delaware Art Center. Dette danna grunnlaget for utdanningsavdelinga der, som auka til over 500 studentar i 1954.
I 1987 blei museet bygd ut vidare, til omtrent dobbel storleik.[7] Den raske veksten i vitjande, program og formidling kravde vidare utviding i 2005. Under utvidinga heldt museet til ved det som no er Chase Center on the Riverfront.
Ein stor del av samlinga til Delaware Art Museum er kunst frå slutten av 1800-talet og tidleg 1900-tal, særleg amerikanske illustrasjonar og verk frå prerafaelittane. Grunnlaget for samlinga til museet er verk av Howard Pyle og elevane hans N.C. Wyeth, Frank Schoonover og Stanley Arthurs. Helen Farr Sloan, kona til kunstnaren John French Sloan, byrja å donera verk i 1961, og museet har no kring 5000 gjenstandar gjennom dette.[3][8]
Sidan 1970-talet har museet lagt til verk av moderne kunstnarar som Jacob Lawrence, Louise Nevelson, Robert Motherwell, George Segal og Jim Dine.[3] Dei permanente samlingane til museet inkluderer dei følgjande:[9]
Ein opna to ulike bibliotek i den nye Delaware Art Center-bygningen i 1938. Eit av dei var vigd samlinga til Howard Pyle, og det andre var vigd Samuel Bancroft, Jr. og samlingane hans av viktorianske bøker og bøker om prerafaelittisk målarkunst. I 1978 donerte Helen Farr Sloan samlinga til mannen sin, John Sloan Manuscript og Library Collection. I 1985 blei det opna eit konsolidert bibliotek i den nye Pamela og Lammot du Pont Copeland-fløya, kalla opp etter fru Sloan. Det inneheld over 30.000 bind og 1.000 boksar med personlege papir, fotografi og anna materiale knytt til John Sloan, Samuel Bancroft, Jr. og Howard Pyle og studentane hans.[3] Det fekk for nyleg tak i ei utgåve av The Flower Book av Edward Burne-Jones.[10] I 2009 fekk museet M.G. Sawyer Collection of Decorative Bindings i gåve, ei samling som omfattar over 2000 band.[11]
Den ni hektar store skulpturhagen bak museet inneheld ni store skulpturar og eit gammal reservoar som er omgjort til ein labyrint.
Høgdepunkt i hagen er den 13 fot høge bronsefiguren Crying Giant av Tom Otterness og Three Rectangles Horizontal Jointed Gyratory III av George Rickey, som rører seg i vinden. Joe Moss er representert av ein lydskulptur som endrar og forvrenger lyd i nærleiken.