Delphyne Burlet | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 24. november 1966 (58 år) Chamonix |
Idrett | skiskyting |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Vinter-OL 2002, Skiskyting under Vinter-OL 1994 – Stafett kvinner |
Delphyne Burlet (fødd 24. november 1966) er ein fransk tidlegare skiskyttar frå Chamonix som vann ein gullmedalje i lagtevlinga og ein sølvmedalje på stafetten under VM i skiskyting 1993. Sidan fekk ho OL-bronse i 1994 og VM-bronse i 1999, også desse med franske stafettlag.
Burlet vart som best nummer fem på 7,5 km då dei olympiske vinterleikane 1992 fann stad i Albertville i heimlandet. Året etter vart ho under VM 1993 i bulgarske Borovets verdsmeister i lagtevlinga, saman med Nathalie Beausire, Anne Briand og Corinne Niogret. Etter to femteplassar i dei individuelle øvingane, avslutta Burlet med å ta sølv i stafetten over 4 x 7,5 km i lag med Véronique Claudel og førnemnde Niogret og Briand. Dei same fire utøvarane tok bronsemedaljen på stafetten under Vinter-OL 1994 på Lillehammer.
I 1999-sesongen kom Burlet på femteplassen på 7,5 km då VM i skiskyting vart avvikla i finske Kontiolax. På stafetten vann ho atter ein bronsemedalje. Ho la opp etter OL-sesongen 2002.