Den norske Amerikalinje A/S (NAL) var eit norsk reiarlag for rutefart mellom Noreg og USA, som vart stifta i 1910.[1] Selskapet vart etter kvart berre kalla «Amerikalinja». Reiarlaget hadde viktig nasjonal tyding, og skipa til selskapet vart rekna som flaggskipa til handelsflåten.[2]
Bakgrunnen for skipinga av reiarlaget var den store norske utvandringa til USA. Ein kan også sjå henne i samanheng med unionsoppløysinga i 1905 og nasjonsbygginga som kom i gang då. Selskapet fekk grunnkapital gjennom ein statleg subsidie på 1 million kroner og innsamling, mellom anna frå norsk-amerikanarar. Skipsdrifta kom i gang i 1913.[1]
↑Bård Kolltveit i Maritimt Magasin Historie: «Linjens nasjonale betydning ble ytterligere understreket ved at Kristianiafjord passerte Marsteinen på sin jomfrutur til USA 7. juni (1913), etter å ha landsatt konge, regjering og storting på en triumfferd fra hovedstaden til Bergen – den maritime sluttsteinen på unionsoppløsningen i 1905.»