Det tyske rettssystemet er eit system av domstolar som tolkar og gjer seg nytte av lovene i Tyskland.
Det tyske rettssystemet er som fleire av dei kontinentaleuropeiske rettssystema prega av romarretten. Frå 1200-talet til 1500-talet byrja denne å verte importert frå Nord-Italia. Romarretten vart dels sidestilt med, dels tok den over for dei enkelte germanske stamme-rettssystema. Romarretten pregar den tyske retten i dag særskilt gjennom den systematiske rettsutviklinga på 1800-talet.
Grunnleggjande for den tyske retten i dag er òg, ikkje minst, erfaringane frå 1933 til 1945 med den barbariske naziretten. Desse gav grunnlaget for ein omfattande debatt om rettspositivismen og den "over-positive" retten. Debatten gjekk m.a. på "når er rett ikkje lenger rett", eksistensen av ein naturrett og skiljet mellom positiv rett og moral. Desse spørsmåla fekk dels svar gjennom utviklinga av det internasjonale menneskerettsomgrepet.