Dicksonfjorden er ein fjordarm frå Nordfjorden på Spitsbergen i øygruppa Svalbard. Fjorden er om lag 30 km lang. Han går nordover aust for Ekmanfjorden, mellom dei ligg Kapp Wærn. Det er grunnflak og vanskelege tilhøve i fjorden, og munningen kan lett bli blokkert av is når det er is i Nordfjorden. Dicksonfjorden blir derfor rekna som vanskeleg å ferdast i.
78°43′21″N 15°20′50″E / 78.72250°N 15.34722°E