Dikken Zwilgmeyer | |
![]() | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. september 1853 Trondheim |
Død |
28. februar 1913 (59 år) |
Yrke | skribent, barnebokforfattar |
Språk | norsk |
Far | Peter Gustav Zwilgmeyer |
Dikken Zwilgmeyer på Commons |
Dikken Zwilgmeyer eller Barbara Hendrikke Daae Zwilgmeyer (20. september 1853–28. februar 1913) var ein norsk forfattar. Ho er særleg kjend for Inger Johanne-serien.
Ho var fødd i Trondheim, men flytta til Risør då far hennar, Petter Gustav Zwilgmeyer vart beordra dit som byfogd i mai 1861. Ho flytta som vaksen til Oslo og døydde under eit besøk i Kongsberg i 1913.
Zwilgmeyer skreiv forteljingar for barn, mellom anna om Inger Johanne som gjekk føre seg i Risør. Ho skreiv òg novellesamlinga Som kvinder er (1895) og romanen Emerentze (1906).
Det står ein statue av Zwilgmeyer på utsida av kulturhuset i Risør, Risørhuset. Her er òg begge kinosalane kalla opp etter forfatteren.