Diveria | |||
elv | |||
Land | Sveits, Italia | ||
---|---|---|---|
Vassføring | for Klussmatten[1] | ||
• middel | 0,78 m³/s | ||
Kjelde | Simplonpasset | ||
Munning | Toce | ||
Diveria 46°15′03″N 8°02′20″E / 46.250833°N 8.038889°E | |||
Wikimedia Commons: Doveria |
Diveria (Wallis-tysk: Churumm Bach, tysk KrummBach) er ei alpin elv som renn gjennom Sveits (Valais) og Italia (provinsen Verbano Cusio Ossola). Ho er ei sideelv til Toce og dermed via Maggioresjøen og Ticino, ein del av Povassdraget. Dalen som Diveria renn gjennom er den einaste i Valais som er ein del av nedslagsfeltet til Po og ikkje Rhône.
Frå kjelda i ei høgd på 2005 meter ovr havet nær Simplonpasset i Sveits, renn ho gjennom grensa Egga til landsbyen Simplon. Frå der renn ho søraustover gjennom Gondo-kløfta til grenda Gondo i kommunen Zwischbergen. Ho svingar austover og går inn i Italia og passerer landsbyane Paglino, Iselle di Trasquera, Bertonio og Varzo; ho snur sørover og passerer Ricegno, Mognata, Campeglia og Crevoladossola der ho munnar ut i Toce.