Divjesjøen

Divjesjøen
innsjø
Kart
Divjesjøen
45°58′56″N 14°01′41″E / 45.982222222222°N 14.028055555556°E / 45.982222222222; 14.028055555556
Wikimedia Commons: Divje jezero

Divjesjøen (slovensk Divje jezero) er ein innsjø nær Idrija i Slovenia. Innsjøen er òg ei karstkjelde og vatnet strøymer ut frå undergrunnen og gjennom ein bratt tunnel. Grotta er utforska ned til 160 meter djupne. Innsjøen er kjelda til elva Jezernica, ei sideelv til Idrijca som med sine 55 meter er den kortaste elva i Slovenia. I 1967 vart innsjøen erklært eit verna naturmonument og 1972 vart han det første slovenske naturmuseumet.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]