Do Anything You Want To Singel av Thin Lizzy frå albumet Black Rose: A Rock Legend | ||
B-side |
Just the Two of Us | |
---|---|---|
Utgjeve | 8. juni 1979 (Storbritannia)[1] | |
Sjanger | Hardrock | |
Lengd | 3:51 | |
Selskap | Vertigo | |
Låtskrivar(ar) | Phil Lynott | |
Produsent | Tony Visconti og Thin Lizzy | |
Thin Lizzy-kronologi | ||
Waiting for an Alibi (1979) |
Do Anything You Want To | Got to Give It Up (1979)
|
«Do Anything You Want To» er ein song av det irske hardrockbandet Thin Lizzy. Han var den andre singelen som vart gitt ut frå albumet Black Rose: A Rock Legend frå 1979. Han vart spelt inn i Pathe Marconi EMI Studios i Paris i Frankrike.[2]
Sangen opnar med ein trommebeat i afrikansk stil av Brian Downey – som gir plass til ein dobbeltgitarmelodi som er karakteristisk for harmonikken til Thin Lizzy.[3] Teksten bruker rim og allitterasjon, som i dei tre første linjene som inneheld orda: «investigate», «insinuate», «intimidate», «complicate», «wait», «hesitate», «state», «fate» og «awaits.»[4] Songen blir tona ut med vokalist Phil Lynott som imiterer Elvis Presley. Gitaristen Scott Gorham indikerte: «Eg trur han berre ville bruka den amerikanske aksenten sin der.»[2]
Singelen nådde 14. plassen på dei britiske hitlistene og heldt seg på listene i ni veker.[5] Han nådde 25. plassen i Irland og låg på hitlista i to veker.[6] Ein tilhøyrande video vart filma i Molineir Studios, regissert av David Mallet. Mallet sa at videoen kosta 12-15 000 pund å filma og la til: «Dei fleste opptaka eg gjorde med Lizzy på den tida varte berre ein dag - kanskje åtte eller ti timar med opptak.»[7] Videoen var det første forsøket til bandet på ein kortfilm i staden for ein enkel video av ein bandopptreden.[7] Videoen inneheldt Hot Gossip-dansarane Perri Lister, Dominique Wood og Carole Fletcher.
«Just the Two of Us» var B-sida til singelen og er ein Lynott/Gorham-komposisjon som ikkje vart inkludert på Black Rose-albumet. Han var berre tilgjengeleg som ein del av singelen fram til utgivinga av Vagabonds Kings Warriors Angels.
Låten har vore med på fleire Thin Lizzy-samlealbum, m.a.: The Adventures of Thin Lizzy gitt ut i 1981, Dedication: The Very Best of Thin Lizzy gitt ut i 1991, og Wild One: The Very Best of Thin Lizzy gitt ut i 1996. Den vart seinare inkludert på boksen Vagabonds, Kings, Warriors, Angels i 2002, og dessutan Greatest Hits og Definitive Collection.